Personvernerklæring

1. Om Rørsla

Eigar av denne nettsida er: Rørsla, Dalavegen 18 E, 6856 Sogndal.
E-post: post@rorsla.no.
Org. nr: 922 563 470.

2. Føremålet med vår handsaming av personopplysningar

I samband med kundeforhold må vi innhente opplysningar som namn, adresse, organisasjonsnummer og anna nødvendig informasjon. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Etter endt kundeforhold vil vi ta vare på data så lenge vi ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk om du skulle ha behov for det.

3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.

4. Kunderegister

Vårt kunderegister inneheld opplysningar om kunden som selskapsnamn, adresse og informasjon om kontaktpersonar hjå kunden, og opplysningar om kva tenester kunden har avtale om.

5. Informasjonskapsler

Rorsla.no nyttar informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc, er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.

6. Bruk av informasjonskapsler på denne nettsiden

Eigar: Squarespace/Google Analytics
Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.

7. E-post-kommunikasjon

All e-post som blir sendt til post@rorsla.no blir lagra i vårt system. Desse vert loggført som ein del av ditt kundeforhold med oss, og blir lagra så lenge du har eit kundeforhold med oss.

8. Innsyn, retting og sletting

Etter personopplysningsloven § 18 har den enkelte krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om ein sjølv. Innsyn kan ein få ved å hendvende seg til Heidi Fossnes Helle på epost: post@rorsla.no. Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningsloven § 27.

9. Ansvarlig databehandler

Dagleg leiar i Rørsla er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern. Har du spørsmål, ta kontakt på ta kontakt på post@rorsla.no.