Miljøfyrtårnsertifisering

Miljofyrtarn_5.jpg

Kva er Miljøfyrtårn?

Eit anerkjent og effektivt verktøy for sertifisering og miljøleiing, som helper verksemder å skape konkuransefortrinn av berekraft.

Noregs mest brukte miljøsertifikat.

80 ulike bransjekriterier.

Felleskriterier med fokus på Avfall, Transport, Innkjøp, Energi og Arbeidsmiljø.

81% av miljøfyrtårnsertifiserte verksemder opplever i stor grad miljøforbedringar.

71% er positivt innstilt til verksemder med miljøsertifisering.

75% ynskjer å kjøpe produkt og tenester frå verksemder som er miljøsertifisert.

Dokumentasjon på berekraftsarbeidet.

RØRSLA

Godkjent konsulent

Ein Miljøfyrtårnkonsulent bidreg hjå verksemder med rådgjeving i prosessen med Miljøfyrtårn-sertifisering.

Kor stort behov ei verksemd har for bistand varierer mykje. Verksemder som allereie har implementert miljørutiner og HMS-system vil erfaringsmessig berre ha behov for prosessveiledning, medan andre kan ha behov for miljøfagleg rådgivning.

Kompetansekrav for konsulenten er akademisk utdanning på høgskulenivå, erfaring med prosessleing, samt utvida kompetanse i HMS og miljøleiing.

MFT3.jpg

RØRSLA sin rolle

Konsulenten si rolle i Miljøfyrtårn er å guide og rettleia ei verksemd frå oppstart til sertifisering. Konsulenten hjelper til med å etablere nødvendige rutiner og prosedyrer for at verksemda skal oppfylle sertifiseringskriteria. Konsulenten kan hjelpe med rettleiing til utfylling av miljøkartleggingsskjema og klima- og miljørapport i Miljøfyrtårnportalen.

Konsulenten kan veilede verksemda med forslag og tips til smarte miljøgrep som hevar verksemda sine prestasjoner på indre og ytre miljø. Råd og veiledning vert gitt ut fra bedriftsøkonomiske forutsetningar og med sikte på å gi auka lønnsemd.

MFT4.jpg

Verksemda si rolle

Alle verksemder er unike, og vil i varierende grad ha kompetanse om sertifiseringsprosessen. Ved oppstart gjennomfører konsulenten ein grundig kartlegging av verksemda, for å få ei forståing av verksemda og kva hovudtenester den utfører. Det er viktig at verksemda får eit realistisk bilde av sertifiseringsprosessen, omfanget av kriteriene som må oppfyllast og mogelegheitene som sertifiseringa gjev. Vidare må miljøarbeidet vere godt forankra i verksemda. Det vil seie å sikre involvering av både leiing og tilsette, slik at verksemda føler eigarskap til miljøfyrtårnarbeidet og er i stand til å finne dei gode tiltaka på eigenhand. Konsulenter med sin erfaring og kompetanse har ein sentral rolle som rådgjevar for å sikre at verksemda lykkast med miljøfyrtårnarbeidet.

Miljøfyrtårnansvarleg i verksemda, dvs utpekt person, som er ansvarlig for å halde miljøfyrtårnarbeidet i hevd, og vere verksemda sin ressursperson på miljø. Ansvar for oppgaver kan være; fylle ut og levere årlig klima- og miljørapport, holde HMS-systemet oppdatert på miljøfyrtårnrelaterte element, forbu og gjennomføre resertifiseringer etc. Det skal utarbeides en egen instruks for Miljøfyrtårnansvarlig.

Verksemder har ett års frist på å bli sertifisert, men di fleste treng 4-6 månadar på prosessen.